Bli fosterheim

Barn har det best når dei får bu nær folk og stader dei kjenner. I Stord jobbar me ekstra hardt for å finna fosterheimar og besøksheimar i nærmiljøet.

Illustrasjon: BUF-etat vest

Fosterheim er ein heilt vanleg heim som tar imot eit barn/ungdom som av ulike årsaker ikkje kan bu heime hos foreldrene sine for ein periode.

Vil du opna heimen din for barn som treng deg?

Du kan gjera ein stor forskjell i livet til eit barn. Du står aldri aleine. Du får god støtte, oppfølging og godtgjersle.

Les meir om oppfølging og støtte du får som fosterheim på Sunnhordland Interkommunale Barnevern (SIB) Lenke til et annet nettsted. - felles barnevernsteneste for kommunane Stord, Fitjar og Bømlo.

Sjå også Fosterhjem | Bufdir Lenke til et annet nettsted.

plakat for fosteheim, og om du vil opna heimen din for Siri (fiktivt namn)