Orienteringsbrev om renovasjon og slam frå Stord kommune.
Stord kommunestyre har i sak PS 52/2025, datert 30.10.2025, vedteke at forvaltning og fakturering av dei kommunale tenestene innan renovasjon og slamtømming vil bli handtert av Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) på vegne av Stord kommune.
Kva betyr det for deg som abonnent?
- Tenestetilbodet blir som før
SIM vil halda fram med å levera tenestene som før. Hovudforskjellen er at no skal all kommunikasjon knytt til renovasjon og slam gå direkte til SIM. Faktura for tenestene vil bli sendt frå SIM på vegne av Stord kommune.
- Elektronisk (førstegongs) faktura - eFaktura
For å sikre at du mottar eFaktura, er det viktig at du aktiverer "Ja takk til alle" i din nettbank eller mobil betalingsapp, som for eksempel Vipps eller mobilbanken din. Dette gjer du ved å velja alternativet «ja takk til alle» i eFaktura-innstillingane.
Dersom kontaktinformasjonen SIM har er tilstrekkeleg vil den første fakturaen du får vera elektronisk. Dersom informasjonen er utilstrekkeleg, vil den første fakturaen komma på papir.
- Oppretting av AvtaleGiro og eFaktura
Avtaler som er gjort med kommunen vil ikkje bli vidareført til SIM. Det er difor naudsynt å oppretta ny AvtaleGiro med SIM. Ynskjer du detaljert oversikt over fakturaen, så må ein opprette AvtaleGiro i kombinasjon med eFaktura. Har du utfordringar med å etablere eFaktura og/eller avtalegiro må du ta kontakt med banken din.
- Kor ofte kjem fakturaen?
SIM vil frå 2026 fakturera annakvar månad. Første faktura vil bli sendt i månadsskifte februar/mars.
Kontaktinformasjon:
Har du spørsmål om faktura, fritak eller anna som gjeld renovasjon eller slam. Ta gjerne kontakt med SIM:
- Epost: sim@sim.as
- Telefon: 53 45 78 50
- MittSIM: Di eiga side der du får informasjon om kva abonnement du har der, du kan gjera endringar i abonnementet ditt m.m. Du loggar inn med bank id via sim.as Lenke til et annet nettsted. (Det er kun fakturamottakar hjå SIM som får tilgang til sida).
Meir informasjon om SIM: For meir informasjon gå inn på www.sim.as Lenke til et annet nettsted.
Stord kommune og SIM vil på førehand takka for forståing og samarbeid i overgangsperioden. For ytterlegare informasjon, er du hjarteleg velkommen til å kontakte oss.

Sist oppdatert
