Viktig melding frå Tenester til heimebuande i Stord kommune
Vêr- og føreforholda gjer det for tida krevjande for tilsette i Tenester til heimebuande å kome fram til alle brukarar. Det har vore ei krevjande helg for dei som har vore på jobb. Me takkar for tålmod og forståing gjennom helga som var.
Det er framleis glatte vegar og fortau som fører til redusert framkome og påverkar den daglege drifta.
I tillegg har Tenester til heimebuande eit høgt sesongprega sjukefråvær, noko som samla sett gjer at tenestene må gjennomføre nødvendige prioriteringar for å sikre at dei som har størst og mest kritisk behov for hjelp, får dette først.
Dette kan medføre at:
- Nokre besøk kan bli forsinka
- Enkelte besøk kan bli utsette eller omprioriterte
Me ber om forståing for situasjonen og oppmodar:
- Naboar og pårørande til å bidra der det er mogleg
- Til å sikre framkome ved å måke snø, strø og halde trapper og inngangsparti frie for is
- Dersom pårørande eller andre kan bistå mellombels med enkle praktiske oppgåver, vil dette vere til stor hjelp
Tilsette i Tenester til heimebuande gjer ein stor innsats under krevjande forhold.
Me takkar for forståing og ser fram til vidare, godt samarbeid i denne perioden.

Foto: Pixabay
Sist oppdatert
