Delegasjon frå Stord på besøk i Comalapa
Stord har nyleg hatt ein delegasjon til venskapsbyen, San Juan Comalapa, i Guatemala.
Ein delegasjon frå Stord har nyleg vore på reise til venskapsbyen vår i Guatemala, San Juan Comalapa.
Under besøket fekk ordførar Justo Rufino Similox overrekt eit brev med helsing frå ordførar Sigbjørn Framnes, i tillegg til eit trykk av Per Flatøy. Delegasjonen, ved leiar Torger M. Tvedten, fekk med seg tilbake ei vevd bordbrikke med teksten Comité de Amistad (venskapskomiteen) Comalapa – Stord til stordordføraren.
I tillegg til møte med kommunen og venskapskomiteen i byen besøkte delegasjonen fleire skular og organisasjonar. Ein av dei var organisasjonen Adepaz, som gir stipend til skuleelevar frå fattige heimar takka vere midlane frå solidaritetsdagen på Stord vidaregåande skule. Delegasjonen tok også del i ein fleirkulturell konsert i kulturhuset, der eit lokalt barnekor m.a. framførte første vers av Herlege Stordøy på norsk.

Foto: Merethe Eldøy Eikenes
%2076725e85-02d2-48fa-9e53-7819d297bc01.jpg)
Torger Tvedten og ordførar i Comalapa, Justo Rufino Similox
Sist oppdatert
