Sjøbruksbygg i Sunnhordland

Framtid for kulturhistoriske sjøbruksbygningar i Sunnhordland.
Verdiskapingsprosjektet «Framtid for kulturhistoriske sjøbruksbygningar i Sunnhordland» går inn i siste fase, og fortel her om alt som har skjedd sidan prosjektet starta i 2023.
KIK-Sunnhordland, med prosjektleiar Ellen Tveit i spissen, har arbeida aktivt med å styrke vern av sjøbruksbygningar i regionen. Ambisjonen til prosjektet er å fremja kulturminne og kulturmiljø langs kysten som lokale ressursar for verdiskaping og utvikling, samstundes som ein sikrar kulturhistoriske og antikvariske verdiar.
Prosjektet har tatt for seg kartlegging, registrering og dokumentering, nettverksbygging og samarbeid, formidling av byggjeskikk, tradisjonshandverk og kulturminneverdiar langs kysten, og direkte kontakt og rådgjeving for eigarar av kulturhistoriske sjøbruksbygg. Følgjande er ei oppdatering og orientering om arbeidet så langt, og kva som står att innan prosjektet avsluttast, sommaren 2027.

Kartlegging og dokumentasjon
Prosjektet har tatt for seg alle typar sjøbruksbygningar, og kartlagt alt frå små notbuer til større sjøhus. Me har registrert nesten 300 kulturmiljø og einskildbygningar, og dei fleste av dei er kartfesta digitalt. Kartlegginga gjev unik innsikt i bevaringsverdiane langs kysten, kor ein stor del er truga av forfall.
Dokumentasjonen samlast i eigne rapportar for kvar enkelt kommune, til bruk i forvaltninga av kystkulturarven i regionen.

Nettverksbygging og erfaringsutveksling
Nettverksbygging og deling av erfaringar er ein viktig del av prosjektet og for å heve kompetansen på kulturminnefeltet både internt i kommunane, og i regionen. Me har både arrangert og deltatt på fleire samlingar og seminar, og på den måten fremja saka og arbeidet vårt.
Prosjektet samarbeider med Vestland Fylkeskommune, Rogaland Fylkeskommune, Sunnhordland museum, Riksantikvaren, eigarar av sjøbruksbygg, handverkarar, tilsette i ulike einingar i kommunane, folkebiblioteka i Sunnhordland, m. fl.

Sunnhordland bygningsvernsenter
Sunnhordland bygningsvernsenter er ein nyoppretta organisasjon med mål om å styrke kompetansen på tradisjonshandverk og bygningsvern i regionen. Bygningsvernsenteret skal etablerast på den verneverdige garden Søre Tveita på Stord. Restaureringa av garden blir ein del av kurs- og undervisningstilbodet som bygningsvernsenteret vil tilby.
Organisasjonen arbeidar med grunnfinansiering og er førebels avhengig av prosjektmidlar for både drift og restaurering. Arbeid på hovudhuset og restaurering av grunnmuren startar allereie no i vår.
Sunnhordland bygningsvernsenter byggjer på KIK Sunnhordland sitt tidlege arbeid med å utvikle ein modell for eit kompetansesenter for bygningsvern, og er realisert i samarbeid med lokalt initiativ frå tradisjonshandverkarar og andre med engasjement for bygningsvern

Kontaktnett for eigarar av sjøbruksbygningar
Ein viktig del av verdiskapingsprosjektet er etableringa av eit kontaktnett for eigarar av kulturhistoriske sjøbruksbygg. Gjennom felles samlingar har eigarane fått rettleiing i m.a. tilskotsordningar, gode tips og haldningar knytt til bevaring av gamle hus, innsikt i kommunale prosessar, og ikkje minst, delt erfaringar med kvarandre.
Eigarsamarbeidet har sørga for verdifull kompetanse- og erfaringsutveksling, noko me håpar kan halda fram utover prosjektperioden.

Formidlingsturné med Eva Røyrane og boka Naustlandet
Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth gav i fjor ut boka «Naustlandet», ei samling av naust langs Noregs kystline. Boka formidlar nausta som viktige, men særs utsette, kulturminne langs kysten, ein svært nærliggjande tematikk til prosjekt «Framtid for kulturhistoriske sjøbruksbygningar i Sunnhordland».
Me har i samarbeid med folkebiblioteka i regionen arrangert Sunnhordlandsturné med Eva Røyrane og Naustlandet. Verdiskapingsprosjektet vart formidla til publikum, etterfølgd av bok‑ og biletepresentasjon med Eva Røyrane.
Gjenståande datoar:
Sveio, Gullsjøhuset i Buavåg: 7. mai kl 18.00
Kvinnherad, Ramsgrø gard: 27. mai kl 18.00
Vegen vidare
- Kvar kommune får utdelt rapportane med grundige utgreiingar om viktige kulturminne og kulturmiljø. Prosjektleiar vil reise rundt til kommunane og presentere arbeidet.
- Eksempelsamling med gode døme på ny bruk og tilpassingar av sjøbruksbygg. Samlinga skal fungere som eit verktøy for forvaltninga og eigarar, og gje rettleiing i restaurering og transformasjonsprosjekt.
- Prosjekta i eigarsamarbeidet vil få vidare oppfølging, og det er planar om fleire samlingar før prosjektet avsluttast.
- Avsluttande seminar kor me presenterer funn og konklusjonar frå prosjektet.
- Bidrag til Rogaland fylkeskommune sitt arbeid med ein nasjonal rettleiar for berekraftig bevaring og bruk av sjøbruksbygningar. Nasjonal veileder for berekraftig bevaring og bruk av sjøbruksbygninger - Rogaland fylkeskommune Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert
Fakta om KIK Sunnhordland
KIK Sunnhordland (Kulturmiljøkompetanse i kommunane i Sunnhordland) vart etablert i 2021 som eit samarbeid mellom dei åtte kommunane i regionen og Sunnhordland museum.
Arbeidet er drive fram av dei ansvarlege for kulturmiljøarbeidet i kommunane og museet, med mål om å styrke den kommunale kompetansen på kulturminnefeltet og leggje til rette for tettare samarbeid på tvers av einingar.
Kolleganettverket fungerer som ein arena for fagleg diskusjon og erfaringsutveksling, og har samstundes styrkt kontakten med nærliggande regionar og Vestland fylkeskommune.
Samarbeidet er eit resultat av Riksantikvaren si satsing Kulturmiljøkompetanse i kommunane.
Kontakt KIK
Eig du ein gammal bruksbygning ved sjøen? Då vil me gjerne høyra frå deg - les artikkelen her og ta kontakt med oss.
