Vedkomande var på vitjing i Bergen i helga der det viste seg at 2 personar i ei lita samling, var smitta. Personen var frisk inntil ho vart testa og utvikla lette symptom seinare same dag. Ho har handtert situasjonen i samsvar med smittevernerglane. Det er sett i gang sporingsarbeid frå Koronasenteret i samarbeid med den aktuelle, familie og leiinga ved skulen. Aktuelle nærkontaktar i skule, idrett og fritid vert kontakta i løpet av helga. 

Smittesporing tek tid. Dei som trur dei kan vera nærkontaktar bør halda seg på avstand frå andre inntil dei vert kontakta for testing. Dei som ikkje vert kontakta og som meiner dei har hatt nærkontakt, bør kontakta Koronasenteret over helga.

Me oppmodar elevar og tilsette ved Stord vidaregåande skule å leggja opp til ei roleg helg der ein legg vekt på avstandsråda 1-2 meter mellom folk.

Koronasenteret vil ha ekstra opningstid laurdag og søndag frå klokka 10.00 - 16.00. Telefon: 53 49 66 66.