Eit godt adressesystem må vera logisk og lettfatteleg bygd opp og kan vera avgjerande i utrykkingssamanheng når sekundane tel. Der det ikkje er naturleg å gje hytter adresser knytt til eksisterande vegar, ønskjer Stord kommune å ha offisielle områdenamn.
Nokre av stadane kan allereie ha etablerte namn, men dersom namnet og skrivemåten ikkje er formelt vedteke, kan dei ikkje brukast som adresse.
![]() |
Vegstykket Heiane-Skjersholmane |
Veg 1 (1351)
Vegstykke E39/Fv 544 frå kryss med veg 1039 Heiane (E39) og 1282 Hatlandsmyro, vidare sørover til Skjersholmane ferjekai.
![]() |
Fjellområde Stord |
Område 1 (1350)
Fjellområde Stord – Områdeadresse for hytter i fjellet som ikkje naturleg kan adresserast til eksisterande veger.
![]() |
Hysstadøyane - Husøy, Valøy, Ytstøy og Midtøy |
Område 2 (1352)
Hysstadøyane - Husøy, Valøy, Ytstøy og Midtøy – Områdeadresse for øyane utanfor Valevågen aust for Leirvik.
![]() |
Straumheiane |
Område 3 (1353):
Straumheiane – Områdeadresse for Straumheiane ved Dåfjorden.
Områdeadresse innanfor vedteken reguleringsplan - Straumheiane hytteområde, del av gnr 60 bnr 1.
Send inn forslag
Forslaga kan sendast til post@stord.kommune.no eller Stord kommune, Postboks 304, 5402 Stord, innan 17. desember 2023