Ordførar Gaute Straume Epland og fungerande rådmann Mariann J. Hilt ønskja lærlingane varmt velkomne, og takka for at dei valde Stord kommune som lærestad.

Vidare fekk dei informasjon om rutinar og retningsliner, og utlevert opplæringsbøker av personal- og organisasjonssjef Siren Eldøy Hinderaker og avdelingsleiar Sverre H. Sørensen.

Alle lærlingane i Stord kommune har eigne rettleiarar ute på den enkelte arbeidsplass. Rettleiarane er dyktige fagfolk som jobbar i kommunen frå før. Desse kjenner kvardagen lærlingane skal bli ein del av og gjer ein viktig innsats i å forbereia lærlingane på yrkeslivet. I tillegg har Siv Nesse ansvar for å leia og utvikla arbeidet med lærlingar i kommunen.

Det er første året me tek i mot lærlingar i faget Menn i helse "Menn i helse" er eit samarbeid mellom Stord kommune, andre kommunar, NAV, fylkeskommunar, KS og Helsedirektoratet for å få fleire menn inn i helsesektoren. 

 

Oversikt over lærlingane per fag

Helsearbeidarfaget

  • Kjersti Grønås
  • Lorentze Waage
  • Tomine Ottesen
  • Fahad Darwish
  • Malin Fylkesnes
  • Jingele S. Vallestad
  • Mia Volden
  • Medhanie Tesfankiel

 

"Menn i helse"

  • Martin Birkenes
  • Andreas Kismul

 

B/U-faget

  • Alexander S. Koppang
  • Johanna Bergesen
  • Yvonn Brubak
  • Ina Sætrevik Folgerø

 

IT Driftsfaget

  • Morten Albretsen

 

Ina Sætrevik Folgerø og Morten Albretsen var ikkje til stades når bilete vart teke.