Tiltakshavar Stord kommune, ved Stord kommunalteknikk, melder med dette oppstart av kommunedelplan for overvatn for Stord kommune i samsvar med plan- og bygningslova § 11-12 og § 11-13

Planen omfattar heile Stord kommune. Planarbeidet utløyser ikkje krav til konsekvensutgreiing.

Kommunedelplan for overvatn skal omhandle handtering av overvatn i kommunen. Hovudmålsettinga for planarbeidet er å legge til rette for heilskapleg forvaltning av kretsløpet til vatnet, og utarbeiding av ein overordna strategi for handtering av overvatn, både som ressurs og som problem.

Plandokument

Merknad

Eventuelle innspel/merknadar til planprosessen kan sendast til:
Multiconsult Norge AS v/ Hilde Blokkum,
Kunnskapshuset, Sæ 132,
5417 Stord

eller på e-post til hib@multiconsult.no

Frist for innspel er 26. mars 2021.