Kommunane har ansvar for grunnskuleopplæringa og skal sørgja for tenlege grunnskular. Kommunedelplan for skuleanlegg, skulebruksplanen, skal sikra ei planstyrt utvikling av skuleanlegga i Stord kommune. Planen er utarbeidd som ein kommunedelplan etter plan- og bygningslova § 11-1.

Stord skal ha gode og likeverdige skuletilbod som fremjar helse, trivsel og utvikling for den einskilde, og medverkar til berekraftige og attraktive nærmiljø. Skulebruksplanen skal bidra til at denne målsettinga vert nådd.

Dokument

Planen skal erstatta gjeldande skulebruksplan, vedteken 23.05.2013.

Merknad

Send merknad til e-post: post@stord.kommune.no eller med post til:

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord

innan 05.05.2020