Ordinær bandtvang etter hundelova gjeld i tida 1. april – 20.august. Forslaget inneber ei generell utviding av tidsrommet for bandtvang til 1. oktober på avgrensa areal i Stord kommune.

Det utvida tidsrommet for bandtvang gjeld for arealet avgrensa slik:

  • Vest frå E39 frå grense mot Fitjar til kryss Førland
  • Nord for Fjellgardsvegen til kryss Ådland
  • Nord for Litlabøvegen til kryss FV 545
  • Aust for FV 545 til grense Fitjar
  • I tillegg gjeld utvida bandtvang i områda Almås, Digernes og Føyno inkludert utmarksareal på desse gardane

Dokument

Merknad

Eventuelle merknader til forslaget skal sendast innan 25. mai 2021 på e-post til: post@stord.kommune.no eller per post til:

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord

Ta kontakt

Landbruks- og miljøsjef Jorunn Kårvatn

E-post: joka@fitjar.kommune.no
Tlf: 53 45 85 43