NVE ga i 2013 Sunnhordaland Kraftlag løyve til å byggje ein ny 66 kV kraftleidning frå Langeland transformatorstasjon på Tysnes til Stord transformatorstasjon. Leidningen skulle erstatte to eksisterande leidningar på same strekning, og den nye leidningen skulle byggjast i eksisterande trasé. NVE sitt vedtak blei klaga på, og i klagane kom det fram eit forslag til ein annan trasé på Stord som ikkje tidlegare hadde blitt vurdert. NVE påla difor Sunnhordaland Kraftlag (no Haugaland Kraft Nett) å greia ut, og søkje, om det nye alternativet. Grunna dette vart ikkje saka sendt til Olje- og energidepartementet for endeleg klagehandsaming.

Haugaland Kraft Nett har no sendt inn ein ny søknad til NVE, kor dei søkjer om nye trasear og endra spenningsnivå. Vi handsamar dette som ei ny sak, og vil fatte eit nytt vedtak.

Les søknaden her

Kva søker Haugaland Kraft Nett om?

På Tysnes

Haugaland Kraft Nett søkjer om den same traseen dei fekk løyve til i 2013, som er om lag 5,6 km lang. Dei søkjer no om å byggje leidningen med spenningsnivå 132 kV, som kan innebere noko større master
og eit større rettsbelte rundt leidningen.

På Stord

På Stord søkjer Haugaland Kraft Nett om å byggje ein leidning med spenningsnivå 132 kV, og tre traséalternativ:

  • Alternativ B: Dette er traseen som NVE ga løyve til i 2013. Dette alternativet er om lag 13 km langt, og følgjer den eksisterande traseen for leidningane mellom Tysnes og Stord, som skal rivast når den nye leidninga er sett i drift.
  • Alternativ C1: Leidningen følgjer eksisterande 300 kV leidning eit stykke, før den vert ført inn i same trasé som alternativ B. Traseen er om lag 12,2 km lang.
  • Alternativ C3a: Leidningen vert bygt parallelt med eksisterande 300 kV leidning noko lenger enn alternativ C1, før dette alternativet òg vert ført inn i same trasé som alternativ B. Traseen er om lag 12,2 km lang.

Haugaland Kraft Nett søkjer om konsesjon i medhald av energilova.

Haugaland Kraft Nett søkjer òg om oreigningsløyve (oreigningslova av 23.10.1959, § 2 punkt 19) for naudsynte grunn og rettar for å byggje og drive dei elektriske anlegga, inkludert rett til all naudsynt ferdsle/transport. Samstundes søkjer Haugaland Kraft Nett om førehandstiltreding (oreigningslova § 25) som inneber at grunn og tilkomstrett kan takast i bruk før skjøn er halde.

Høyring og høyringsfrist

De finn skjema for fråsegn på NVE sine internettsider.

Fråsegner må sendast til NVE innan 01.06.2018