Saka må sjåast i samanheng med forslag om ny kommunedelplan for Sagvåg og Litlabø.

Opphevinga gjeld følgjande reguleringsplanar:

  • R-100-000 Rindane
  • R-101-000 Rindane II
  • R-102-000 Litlabø, blad III
  • R-102-A00 Litlabø blad IV
  • R-103-000 Nysæter del I
  • R-103-A00 Nysæter del II
  • R-103-B00 Nysæter del III
  • R-104-000 Sagvåg
  • R-104-A00 Sagvåg, del II, Mosahaugen
  • R-104-001 Skulehaugen på 57/46 og 471
  • U-104-003 Buneset, utbyggingsplan
  • R-104-004 Sagvåg sentrum, reg.plan
  • R-105-000 Sydnes
  • R-106-000 Kleivo
  • R-107-001 Jensanesvegen, endra reg.plan
  • R-108-000 Tjødnalio skule
  • R-110-000 Hillarhaugen, Fv. 67 Litlabø samfunnshus
  • R-111-000 Rv. 545 v/Aker Elektro
  • R-113-000 Høgåsen byggefelt
  • R-114-000 Kattanes
  • R-115-000 Lurane
  • R-119-000 Tilkomstveg flyplass Sørstokken
  • R-120-000 Nysæter kyrkjegard
  • R-121-000 Valvatne bustadfelt
  • R-122-000 Stallbakken, avkjørsel gnr. 33 bnr. 43,42 og 31
  • R-124-000 Gnr 58 bnr 89, Sagvåg

Planforslaget viser hovudtrekka i arealdisponeringa og rammer og vilkår for kva nye tiltak og ny arealbruk som kan settast i verk, samt kva viktige omsyn som må ivaretakast ved disponeringa av areala. Føremålet med å oppheva reguleringsplanar er å rydde opp og fjerne planar som ikkje har føresegner som er tilpassa dagens situasjon, har fått tilleggsføresegner i kommuneplanen for Stord kommune 2010-2021, er i strid med overordna plan, eller er overlappa av / erstatta av nyare reguleringsplaner. Målsettinga er også å legga betre til rette for digitale prosessar i plan- og byggesaker og få eit meir oversiktleg og eintydig planverk i planområdet.

Dokument

Det er utarbeida eiga kartløysing for høyringa, der ein finn eit eige lag for reguleringsplanar som er tenkt oppheva, med vurdering av kvar einskild plan.

Lenke til kommunekartløysinga 

Brukarrettleiing til kartløysinga finn du her

Innspel og merknader

Innspel kan sendast til:

Stord kommune, Postboks 304, 5402 Stord

Epost: Post@stord.kommune.no

Frist for innspel er sett til 10. mai 2021

Kontakt

Samfunnsplanleggjar Rannveig Gramstad

Rannveig.Gramstad@stord.kommune.no
Telefon: 470 23 402