Planperioden for førre rusmiddelpolitisk handlingsplan går mot slutten og dei alkoholpolitiske retningslinene treng å reviderast ved ny kommunestyreperiode.

Det vart dermed sett ned ei tverrfagleg arbeidsgruppe som fekk i oppgåve å rullere ny rusmiddelpolitisk handlingsplan og revidere dei alkoholpolitiske retningslinene.

Politikarane ønskjer at denne planen skal føre til ein heilskapleg rusmiddelpolitikk ved å sjå på samanhengar mellom folkehelse, førebygging, bevillingsordningar og behov for innsats på rehabiliteringsområdet. Planen skal ha forankring i folkehelsearbeidet og er del av kommunen sitt planarbeid. Planen vil omhandla tobakk, alkohol, narkotiske stoffer, misbruk av legemidlar og bruk av dopingmidlar.

I følgje alkohollova §§ 1-7d og 1-6 skal kommunen utarbeida ein Alkoholpolitisk handlingsplan. I Stord kommune ligg planen forankra som ein del av Stord kommune sin rusmiddelpolitiske handlingsplan. Handlingsplanen skal reviderast kvar kommunestyreperiode og kommunen skal gjennomgå eigen alkoholpolitikk kvart 4. år, etter at nytt kommunestyre trer i kraft, jf. § 1-6.

Hovudmålet med kommunen sine alkoholpolitiske retningsliner er å regulera alkoholomsetnaden i Stord slik at den går føre seg i forsvarlege former slik statlege og kommunale organ føreset.

Dokument

Merknad

Send merknad til e-post: post@stord.kommune.no

eller per post til

Stord kommune
Postboks 304
5402  STORD

Frist for senda inn merknad er 2. august 2020.