Strategisk hamneplan erstattar hamneplanen frå 1993, og omfattar hamneområda i Stord kommune som Stord hamnestell har ansvar for.
Planen inneheld fire målsettingar med strategiar og tiltak, saman med strategiar for kaiar og eigedomar og retningsliner for fartøy og andre farkostar til kai i Leirvik hamn og i Eldøyane, synleggjer dei strategiske grepa ein ynskjer i drifta.
Utval for plan og utvikling vedtok å leggja forslag til strategisk hamneplan ut på høyring med følgjande endringar:
- Nytt punkt H - under 4.2.1 Hovudmålsetting 1 – miljø-, folkehelse- og ressursperspektiv:
H) Leggja til rette for at eksterne aktørar innan maretime miljøtenester kan etablera seg innan hamnestellet sitt ansvarsområde
Plandokument
- Gjeldande hamneplan frå 1993
- Saksprotokoll frå Utval for plan og utvikling
- Strategisk hamneplan 2021-2030
- Oversikt kaiar
- Oversikt eigedomar
- Retningsliner Leirvik hamn
- Retningsliner Eldøyane hamn
Merknader til planen skal sendast på e-post til post@stord.kommune.no
eller til
Stord kommune, postboks 304, 5402 Stord
Merknadsfrist er 25.03.2021.
Partar som har særleg interesse i saka får tilsendt eige varsel.
Kontakt
Ta kontakt med hamnesjef Inge Espenes om det er spørsmål i høve publiserte plandokument, tlf. 917 26 244.