Sæbø gard

Aktivitet og arbeid

Sæbø gard er eit aktivitets- og arbeidstilbod for personar med utviklingshemming. 

Garden ligg i Kårevik, heilt sør på Stord, fem kilometer frå Leirvik sentrum.

Søkjarar må vera ferdige med vidaregåande skule. Søknad skal sendast til Tildelingskontoret. Søknad om helse- og omsorgstenester finn du lenger nede på sida.

Dei viktigaste oppgåvene våre:

  • vedproduksjon
  • blomeproduksjon
  • gardsdrift (stell og vedlikehald av gardstunet, beiteområdet og gjerda)
  • dyrestell. Me har for tida sauer og ender.

​Målsetjinga for Sæbø gard

Det skal leggjast vinn på trivsel, meistring, sosial trening og sjølvstendiggjering gjennom det daglege arbeidet på garden. Arbeidstakarane skal få høve til å dyktiggjera og utvikla seg.
Sæbø gard skal vera ein ressurs også for nærmiljøet. Garden ligg i eit fantastisk naturområde, som andre kan nyta godt av.

Me sel ved i 40-literssekkar.

  • Furu: 85 kr/sekk
  • Lauvved: 95 kr/sekk

Transport til døra di: 250 kroner. Du kan eventuelt hente veden sjølv etter avtale.
Ring oss, eller send gjerne ein e-post, sjå informasjon til høgre. Sender du e-post, oppgje namn, adresse (inkludert postnummer og poststad), telefonnummer, type ved og kor mange sekkar. Me leverer fortløpande, og prøver å få effektuert bestillingane i løpet av ei veke eller to.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?