Saghaugen bustadar

Avdeling Saghaugen

er eit bufellesskap for personar med utviklingshemming. Her finn ein 6 bustader. Kvar bustad inneheld 1 soverom i tillegg til stove/kjøkken. Det er tilknytt eigen personalbase til bustadane og det vert gitt heildøgns omsorg til dei bebuarane som har behov for det. Bustadane er kommunalt eigd, og bebuarane leiger hos Stord kommune.

Informasjon

Bebuarane mottek tenester etter individuelle vedtak som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova Lenke til et annet nettsted.. Tenestene vert gitt utifrå den einskilde bebuar sine føresetnader, ønskjer og behov, i samarbeid med den einskilde bebuar, pårørande og verje.

Avdeling Kjøtteinsvegen

Kjøtteinsvegen, i lag med avd. Studalen, utgjer Tunet burettlag, og høyrer til STOBO, Stord Boligbyggelag AL. I Kjøtteinsvegen er det 4 bustader. Kvar bustad inneheld 1 soverom i tillegg til stove/kjøkken. Det er tilknytt eigen personalbase til bustadane og det vert gitt heildøgns omsorg til bebuarar som har behov for det. Bebuarane eig, eller leiger bustadane.

Alle brukarane mottek tenester etter individuelle vedtak som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova. Tenestene vert gitt utifrå den einskilde brukar sine føresetnader, ønskjer og behov, i samarbeid med den einskilde brukar, pårørande og verje.

Alle bustadane samarbeider med arbeids- og aktivitetstilbod, pårørande, fastlegar, fysio- og ergoterapeutar, habiliteringstenesta m.fl.

Visjon

Gode relasjonar skapar trivsel og meistring

Mål

  • skapa ein trygg og omsorgsfull heim
  • gje god dagleg omsorg og sosial støtte
  • leggje til rette miljøet for eigenmeistring
  • bidra til eit godt samarbeid med pårørande

Priser

TilbodPris
Husleigeprisjustert med auken i KPI-indeksen (konsumprisindeksen). Melding vert sendt bebuarane.
Personretta tenester (heimesjukepleie)ingen eigenbetaling
Praktisk bistand (sjå over)
Mat per månadkr 5 005
Vask av tøy per månadkr 1 208

Bebuarane på Knutsaåsen omsorgssenter og Bergtun bufellesskap har inngått avtale med dagleg vask og leige av sengetøy, frotté samt vask av bebuartøy. Dette er gjort ut frå smitterisiko. Satsane vert heva med 3,5 % i 2026 og kompenserer for kostnadane Stord kommune har.

Relatert informasjon

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?