Hjelpemiddel
Stord kommune formidlar hjelpemiddel både frå det kommunale hjelpemiddellageret og frå NAV Hjelpemiddelsentral.
Kortvarig behov (inntil 2 år)
Dersom du har eit kortvarig behov for hjelpemiddel, kan du låne dette frå det kommunale hjelpemiddellageret. Tilbodet er ment for mellombelse situasjonar, som til dømes etter skade, sjukdom eller operasjon.
Varig behov (over 2 år)
Har du eit varig behov for hjelpemiddel, kan du med hjelp frå kommunale tenester søkje via NAV Hjelpemiddelsentral. Sjå lenger ned for meir informasjon.
Følg aktivitet og re/habilitering på sosiale media for informasjon, råd og tips:
Facebook - Aktivitet og re/habilitering Stord kommune Lenke til et annet nettsted.
Instagram - aktivitetogrehabilitering Lenke til et annet nettsted.
Video om hjelpemiddel og kven gjer kva
Hjelpemiddel du kan kjøpe sjølv
Hjelpemiddla du må kjøpe sjølv:
- Krykker
- Småhjelpemiddel
- Forhøgningsklossar til seng/stol
- Strømpepåtrekkar
- Gripetang
Hjelpemiddel du kan kjøpe sjølv:
- Rullator
- Dusjkrakk
- Armlene til toalett
- Samtaleforsterkar / lydforsterkar
- God kvilestol
Stord kommune har for tida avgrensa kapasitet samanlikna med etterspurnaden etter tenesta. På grunn av ventetid anbefaler me at du vurderer om du kan kjøpe enkelte hjelpemiddel sjølv.
Du kan kjøpe enkle hjelpemiddel som for eksempel rullator, dusjkrakk, småhjelpemiddel til kjøkken eller gripetong hos lokale apotek, gjennom nettbutikkar for hjelpemiddel eller via apoteka sine nettsider. Samtaleforsterkar/lydforsterkar kan du finne hos lokale elektronikkbutikkar, og ein god kvilestol kan kjøpast i møbelbutikkar der du bur.
Kortvarig lån av hjelpemiddel frå kommunalt hjelpemiddellager
Ved kortvarig behov for hjelpemiddel låner me ut hjelpemiddel som rullestol, dusjstol, rullator eller toalettforhøgar.
Kontaktinformasjon
- Fellestenester: 53 49 66 00
- Du kan søkje på papir eller elektronisk. Sjå Skjema lenger ned på sida.
- Du kan òg melde behov gjennom tenester du allereie får, som heimebaserte tenester.
Prakisk informasjon om henting av hjelpemiddel
- Servicetenesta set fram rekvirerte hjelpemiddel måndag, onsdag og fredag før kl. 12.00.
- Hjelpemiddel kan hentast neste opningsdag. Til dømes: Dersom du ringer onsdag, kan hjelpemiddelet hentast fredag.
- Framsette hjelpemiddel kan hentast måndag til fredag mellom kl. 08.00 - 15.00. Utlevering skjer i 1. etasje i utleveringsrommet ved Rehabiliteringssenteret.
- Finn du ikkje hjelpemiddelet du skal hente, kontakt servicetenesta på 908 02 638 eller 975 52 230.
Som hovudregel skal du hente og levere hjelpemiddel sjølv. Dersom du, eller nokon i nettverket ditt, ikkje har moglegheit til å hente eller levere hjelpemiddelet, kan servicetenesta hjelpe med transport.
Langvarig lån av hjelpemiddel frå NAV hjelpemiddelsentral
Ved varig behov over to år, kan du få hjelp til å søke NAV Hjelpemiddelsentral om hjelpemiddel.
Har du eit varig behov for hjelpemiddel, kan fysio- og ergoterapitenesta, heimebaserte tenester, kommunale institusjonar og bufellesskap, gi råd og rettleiing om kva hjelpemiddel som kan vere aktuelle, og hjelpe deg i søknadsprosessen til NAV Hjelpemiddelsentral. Vurderinga blir alltid gjort i samarbeid med deg.
Hjelpemiddel frå NAV blir levert til felles utleveringsstad i Stord Kommunale Rehabiliteringssenter. Du vil få melding om at hjelpemiddel er kome. Me oppmodar til å hente hjelpemiddel sjølv.
Innlevering av hjelpemiddel
Når du ikkje har behov for hjelpemiddelet skal det leverast attende så snart som mogleg. Hjelpemiddel skal leverast i 1. etg. på rehabiliteringssenteret, følg skilt til merka sone for innlevering.
Hjelpemiddelet skal reingjerast før innlevering.
Nokre hjelpmiddel består av fleire delar. Hugs å få med alle delar.
Følg instruks på oppslag ved innleveringssona for rett merking av hjelpemiddelet.
Dersom du eller pårørande ikkje har anledning til å levere tilbake hjelpemiddel kan det avtalast transport ved å ta kontakt med Fellestenester på telefon 53 49 66 00.
Kostnad
- Kommunalt hjelpemiddellager tilbyr kostnadsfritt utlån av hjelpemiddel ved kortvarig behov (inntil 2 år).
- Lån av hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral (over 2 år) er kostnadsfritt.
- Transport av hjelpemiddel er kostnadsfritt.
Priser
Eigenbetaling for førebyggjande tenester og lågterskeltilbod
| Tilbod | Pris |
|---|---|
| Utlån av kommunale hjelpemiddel | Gratis |
| Transport av hjelpemiddel | Gratis |
| Handtak | kr 236 |
| Gruppetrening einingane driv (gjeld ikkje fysioterapi) | kr 367 per semester |
| Transport til og frå dagtilbodet Sæbø gard | kr 49 per dag |
| Varm lunsj i Arbeid og aktivitet, per måltid | kr 62 |
| Kaffi/te/bursdagskasse i Arbeid og aktivitet, per mnd. | kr 62 |
| Terapibading | kr 120 |
Sist oppdatert
