Ambulant team psykisk helse
Me har to ambulante team. Team 1 tilbyr personretta tenester og team 2 tilbyr støtte til personar som har psykiske helsevanskar.
Alle personretta tenester frå kommunen er gratis, men praktisk bistand må ein betala for.
Alle som søkjer om tenester frå kommunen må kontakta Tildelingskontoret.
Ambulant team 1
Dette teamet tilbyr personretta tenester som blant anna legemiddelhandtering, stell, støttesamtalar, praktisk bistand med opplæring og miljøarbeid.
Tilsette i ambulant team 1 jobbar i turnus dag og kveld. Dei som jobbar i miljøet har lang erfaring og kompetanse til å takle ulike utfordringar/uforutsette hendingar som skjer i løpet av ei vakt.
Dette teamet går todelt turnus frå måndag til fredag:
Dagvakt tilgjengeleg i tidsrommet 07.00-15.00. Telefontid mellom kl 0800 og 1100.
Kveldsvakt tilgjengeleg i tidsrommet 15.00-22.00. Telefontid mellom kl 1600 og 1800.
Ambulant team 1 har fokus på å bidra til auka meistring i eige liv ved å tilby:
- Støttesamtalar og rettleiing
- Koordinering og utarbeiding av individuell plan
- Verktøy slik at brukar kan meistre livet
- Bustad, arbeid og sysselsetting
- Fysisk aktivitet
- God fagkunnskap og legemiddel knytt til psykiatri/rus/ og somatisk helse
- Utlevering/tillaging av medisin
- Koordineringstiltak/samarbeid med andre instansar som helsesjukepleiar, fastlege, DPS, Valen sjukehus, OT/PPT, NAV, fritidsaktivitetar og ansvarsgrupper
Ambulant team 2
Dette teamet består av psykisk helsearbeidarar som kan tilby støtte til personar som har lette til moderate psykiske helsevanskar og/eller er i ei livskrise og som treng oppfølging i kvardagen.
Teamet har arbeidstid frå måndag til fredag, mellom kl 08.00-15.30.
Ambulant team 2 har fokus på å bidra til auka meistring i eige liv ved å tilby:
- Støttesamtalar og rettleiing
- Koordinering og utarbeiding av individuell plan
- Verktøy slik at brukar kan meistre livet
- Bustad, arbeid og sysselsetting
- Gruppeterapi/fysisk aktivitet
- KID-kurs (Kurs i depresjonsmeistring)
- Fokus på fysisk aktivitet, har turgruppe saman med frisklivsentralen
- God fagkunnskap og legemiddel knytt til psykiatri/rus/ og somatisk helse
- God fagkompetanse i psykisk helse og rus
- Koordineringstiltak/samarbeid med andre instansar som helsesjukepleiar, fastlege, DPS, Valen sjukehus, OT/PPT, NAV, fritidsaktivitetar og ansvarsgrupper.
Relatert informasjon
Dokument
- Anabole androgene steroider
- Brosjyre om cannabis
- Bustadtilskot - retningsline for tilskot for tilpassing, utgreiing og prosjektering til enkeltpersonar
- Bustadtilskot - retningsliner for tilskot til etablering i eigen bustad
- Cannabis rapport
- Retningslinje for psykososialt kriseteam
- Retningslinje for tildeling av kommunal bustad
- Rettleiing førebyggjing radikalisering
- Ung i Sagvåg og Litlabø
Relaterte artikler
- Aktivitet for rusavhengige - I jobb
- Lågterskel helsestasjon
- Bustadsosialt team
- Bustadrådgjevingsteneste
- Bustadsosial handlingsplan
- Tildelingskontoret
- Føre Var rapportar
- Hjelp til rusmiddelavhengige
- Rusmiddelpolitisk handlingsplan
- Hamna kontakt og mestringsenter
- Utleigebustadar
- Kommunal bustad
- Assistance in Securing Housing
- Suohkana ásodat
- Муниципальное жильё
- Logement social
- Halk konutları
- المسكن البلدي
- Utleigebustad
- Førebyggjande helsetenester
- Hjelp til å skaffe bustad
- Hjelp til å skaffe bolig
- Åsen bustadar
- Husahaugen bustadar
- Saghaugen bustadar
- Sæbøhaugen B
- Valvatna bustadar
- Butilbod for funksjonshemma
- Studalen bustadar
- Helse- og omsorgstenestetilbod til flyktningar, asylsøkjarar og familiesameinte
Sist oppdatert
