Hamna kontakt og mestringsenter

Hamna kontakt og mestringsenter er eit kommunalt lågterskel tilbod for alle som har eller har hatt psykiske utfordingar.

Hamna er eit kontakt og mestringsenter med fokus på vekst og utvikling. Gjennom aktivitet og sosialt samvær ynskjer me å skape inspirasjon og trivsel i kvar einskild sin kvardag. 

Visjon, sosialt fellesskap og aktivitetar

Vår visjon er;

                Ein plass ein kan kome, 

                Ein plass ein kan vera, 

                Ein plass ein kan leva,

                Ein plass der du er med

                og bestemmer form og innhald

På Hamna har me treningsrom, stort kjøken, biljard, spel, symaskinar, vev mm.

Om du sjølv meinar du treng Hamna er du hjarteleg velkommen, eit treng ikkje henvising eller vedtak for å nytta seg av tilbodet.

Ring oss gjerne på telefon 97 55 21 15 dersom du ynskjer meir informasjon eller kom innom!

Me håpar at du vil trivast hjå oss!


Kostnad:

Kaffe/te med påfyll kr 10,-

Lunsj kr 30 - 60 kr

Ved utflukter eller arrangement blir det ein liten eigenandel.

 

Kontakt:

Avdelingsleiar Silje Nordtveit Leivestad

 mobil 911 40 679

Epost: Silje.Nordtveit@stord.kommune.no

 

 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?