Kommuneplan
Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsdokument for korleis me vil at kommunen skal vera, korleis innbyggjarane skal ha det i kommunen og korleis me skal skape den kommunen me ynskjer oss.
Kommuneplanen består av to delar: ein samfunnsdel med mål og strategiar som fortel i kva for retning me vil at samfunnet skal utvikla seg, og ein arealdel som viser kva me kan byggje kor i kommunen og kva areal som ikkje skal byggjast ut. Årsbudsjettet og økonomiplanen utgjer handlingsplan som fastset korleis kommuneplanen skal følgjast opp.
Arbeid med ny arealdel
Informasjon om arbeidet med ny arealdel ligg her: Ny kommuneplan
Kommuneplanen sin samfunnsdel
Stord kommunestyre vedtok kommuneplanen sin samfunnsdel for Stord kommune 2022-2034 i møte 21. juni 2022, lenke til saksprotokoll Lenke til et annet nettsted.
Samfunnsplanen kan lesast her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Samfunnsdelen peikar på tre satsingsområde for komande planperiode:
- Sterkt regionsenter for Sunnhordland handlar om at Stord skal vere pådrivar for regional samhandling og utvikling i Sunnhordland
- Grøn by handlar om å vere ein føregangskommune i det grøne skiftet og nå målet om å vere eit attraktivt nullutsleppssamfunn i 2030
- Inkluderande fellesskap handlar om korleis me kan leggje til rette lokalsamfunna våre slik at me som innbyggjarar trivest og lever gode og trygge liv
Felles for desse satsingsområda er at arealplanlegging og arealforvaltning er viktige verkemiddel for å nå måla i samfunnsdelen.
Kommuneplanen sin arealdel
Arealdelen viser kva som kan byggjast kor i kommunen, og kva areal som ikkje skal byggjast ut. Det er kommuneplanen sin arealdel som fastsett arealbruken med juridisk bindande verknad. Arealdelen skal leggast til grunn for reguleringsplanlegging og handsaming av byggesaker. Gjeldande arealdel er frå 2011, lenke til kommuneplan for Stord kommune 2010-2021 Lenke til et annet nettsted..
Dersom du ikkje får opna arealdelen over, kan du prøva å lasta ned kommuneplanen i fleire delar:
- Forslag til kommuneplan 2016 - 2027 - planprogram pdf, 2 MB, åpnes i nytt vindu.
- Kommuneplanen utan vedlegg (2 mb) pdf, 3 MB, åpnes i nytt vindu.
- Vedlegg 1 - Føresegner og retningsliner med vedlegg (128 kb) pdf, 128 kB, åpnes i nytt vindu.
- Vedlegg 2 - Kommuneplankart (18 mb) pdf, 18 MB, åpnes i nytt vindu.
- Vedlegg 3 - Tilgjengelege bustadeiningar (41 kb) pdf, 41 kB, åpnes i nytt vindu.
- Vedlegg 4 - ROS-akseptkriteri (147 kb) pdf, 147 kB, åpnes i nytt vindu.
Saksprotokoll pdf, 579 kB, åpnes i nytt vindu.
Arealdelen til kommuneplanen fin du òg i kommunen sin kartportal- Stordkart Lenke til et annet nettsted.
Dokumenta kan også sjåast ved Eining for regulering, byggesak og oppmåling i rådhuset.
Delrapportar
Risiko- og sårbarheitsanalyse pdf, 3 MB, åpnes i nytt vindu.
Strandsonekartlegging i Stord kommune pdf, 3 MB, åpnes i nytt vindu.
Prosjektrapport ”Grøntstruktur ,turvegar og gang- og sykkelvegar på Stord” pdf, 3 MB, åpnes i nytt vindu.
Konsekvensutgreiing Heiane sør pdf, 4 MB, åpnes i nytt vindu.
Konsekvensutgreiing Vestlio, Ørehaugen sør og nord, delrapport 1 pdf, 2 MB, åpnes i nytt vindu.
Konsekvensutgreiing Tyse, delrapport 2 pdf, 3 MB, åpnes i nytt vindu.
Bydelssenter ved Nordbygdo, delrapport 3 pdf, 2 MB, åpnes i nytt vindu.
Konsekvensutgreiing Hystad gnr. 26, bnr. 1 m.fl. pdf, 1 MB, åpnes i nytt vindu.
Konsekvensutgreiing Tømmervik, del av gnr. 48, bnr. 1 pdf, 1 MB, åpnes i nytt vindu.Konsekvensutgreiing Kvernaneset pdf, 1 MB, åpnes i nytt vindu.
Revisjon av kommuneplanen vart starta opp ved vedtak av planprogram i juni 2019. Som føresett vart det byrja med samfunnsdelen, denne vart vedteken samstundes som Stord kommunestyre vedtok revidert planprogram for kommuneplanen sin arealdel, lenke til saksprotokoll, møte 21. juni 2022 Lenke til et annet nettsted.
Norm for uteopphaldsareal ved bustadutbygging
Våren 2024 vedtok kommunestyre Norm for uteopphaldsareal ved bustadutbygging. Lenke til Norm for uteopphaldsareal ved bustadutbygging Lenke til et annet nettsted.
Føresegnene i norma erstattar føresegn i arealdelen av 2010-2021 sine føresegner om leike-, ute- og opphaldsareal; §§1.21-1.28
Sist oppdatert
