Planar under arbeid

Stord kommune arbeider jamleg med nye planar og revisjon av eksisterande planar. Dei fleste overordna planane blir utarbeidd som kommunedelplanar, og prosessen blir styrt av plan- og bygningslova kapittel 11. Nokre planar blir utarbeidd som fag- eller temaplanar.

For kommunedelplanar blir det utarbeidd planprogram, som blir sendt på høyring og offentleg ettersyn før det blir vedteke. Når framlegg til kommundelplan er klart, blir det sendt på høyring før endeleg handsaming i kommunestyret. 

Høyringar blir kunngjorde på kommunen sin nettstad og i lokalavisa. Gjeldande kunngjeringar finn du her.

Kommunestyret vedtok 22.10.2020 ein planstrategi, som legg føringar for kva planar Stord kommune skal laga og revidera i denne kommunestyreperioden.

Les meir om planstrategien

Reguleringsplanar under arbeid er å finna her

Status: Arbeidet med revisjon av planen er starta opp.

Plandokument

Bibliotekplan 2021-2025 pdf, 366 kB, åpnes i nytt vindu.

Kontaktperson: Anne Lene Østvold Jordåen, telefon 53 49 69 71​

Status: Arbeidet med kommunedelplan i Sagvåg og Litlabø er avslutta. 

Det blei utarbeida eit utkast til kommunedelplan for Sagvåg og Litlabø, etter høyring og offentleg ettersyn vart denne ikkje vedtatt. Kommunestyret meinte det er gjort mykje godt arbeid med planen, og la til grunn at dette vert brukt som underlag til arealdelen av den kommande kommuneplanen.

 

Les meir om arbeidet med kommuneplanen her

Status: For kommuneplanen er det vedtatt ny samfunnsdel og revidert planprogram for arealdelen 

Les meir om kommuneplanarbeidet her

Status: kommunestyret vedtok 22.06.23 å leggja kommunedelplan for ny E39 Heiane – Ådland/Nordre Tveita ut til offentleg ettersyn. Stord kommune rår til at alternativ 2 vert valt som framtidig trasè. Kommunestyret presiserar at fylling over kryssing Ådlandsvatnet er ei særs uønska løysing for LNF-kvalitetane i vatn og vassdrag. 

Saksprotokoll

Plandokument

 

Kontaktperson: Jostein Klette, tlf. 970 67 100

Status: planprogram har vert på høyring, og er vedteke i kommunestyret 22.09.22.

Plandokument

Planprogram for kommunedelplan: Kvalitetsplan for oppvekst og kultur 2022-2030 pdf, 311 kB.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?