Plangrense Frugarden ny oppstart 09.01.2019.jpg

Planen skal regulera fylkesvegsamband mellom fv. 544 Sæ og fv. 48 Tysevegen, prosesjonsveg mellom Stord kyrkje og gravplassane ved Frugarden, utvikling av område knytt til desse prosjekta, mogleg nytt kyrkjelydshus og parkering for Stord kyrkje og utfart til turterreng.

Følgjande reguleringsplanar gjeld i planområdet, og kan bli heilt eller delvis oppheva:

  • R-022-000 Frugarden-Hystad
  • R-012-A00 Leirvik del I, Dampbakeriet Frugård
  • R-272-000 Gravplass Frugarden
  • R-011-000 Ådland
  • R-058-000 Ås, Frugardskogen, Frugardselva
  • R-058-001 Åsbanen
  • 201406 Miljøgate fv. 544 gjennom Leirvik

Planane finn du i planregisteret

Framlegg til planprogram

Merknadar kan sendast innan 25. februar via eDialog eller post til:

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord