Bakgrunnen for dette er den prekære flyktningsituasjonen, der Stord-samfunnet må ta sin del av oppgåva. Ved at kommunen går inn som driftsoperatør kan ein i større grad påverka og styra mottaket av asylsøkjarar i Stord kommune, både med omsyn til plassering og kva for grupper det skal leggjast til rette for.

- Ved å ha ei hand på rattet bør kommunen verta betre i stand til å leggja til rette for dei som både kjem som asylsøkjarar og seinare eventuelt skal busettast i kommunen, skriv rådmann Magnus Mjør i saksutgreiinga.

Rådmannen viser til at ein vil få eit betre utgangspunkt for å styra dei kommunale tenestene, og vil gje politikarane større innflytelse på organiseringa ved mottaket. Stord kommune har lang erfaring i å vera vertskommune for mottak, og har god kjennskap til korleis dette kjem til å påverka dei ulike tenestene til kommunen.

UDI opplyser at det er ønskjeleg med kommunale driftsoperatørar, då kommunane ofte har langsiktige perspektiv på involveringa, og etter UDI si erfaring, leverer god kvalitet på tenestene.

Det vart nyleg avslutta ein anbodsrunde for mottak for einslege mindreårige, der det vart vedteke etablering av to mottak i Sagvåg for einslege mindreårige, i tillegg til eit tidlegare vedteke mottak på Litlabø. Ny anbodsrunde om ordinære mottak er venta å koma om kort tid, men tidspunktet er så langt ikkje kjend. For å få ei rask avklaring i saka vert denne saka handsama i møte i Formannskapet 11. november. Vert saka vedteke, vil det bli utarbeida eit prosjekt som vil bli endeleg handsama i kommunestyret.