Alle prøvane viser at vatnet er hygienisk reint (heilt utan E-coli og koliforme bakteriar) og har verdiar for kimtal langt innanfor Mattilsynet sine normerte krav, med unnatak av Stord Sjukeheim kor prøvane på kimtall framleis er høgare enn kravet i drikkevassforskrifta. Dette medfører at det framleis er «kokevarsel» på sjukeheimen.

Stord kommune har teke prøvar på sjukeheimen både 25.06 og 26.06. Resultat for kimtala for disse prøvane er ikkje klar for høvesvis 28.06 og 29.06. Det er i tillegg teke ny prøve på sjukeheimen i dag kor resultata frå analysen ligg føre 30.06. Stord kommune oppnår med desse prøvane informasjon om utviklingstrenden for kimtal på sjukeheimen som vil vere avgjerande for om vatnet skal kokas eller ikkje.