Område som skal regulerast er på omlag 9,6 daa, og er synt på kartet under.
For oversiktskart sjå planområdet i Stordkart

Kart som syner planavgrensing

Planen er vurdert i høve til forskrift om konsekvensutgreiing, og kommunen har konkludert med at planen ikkje fell inn under vilkåra for slik utgreiing.

Planstatus og føremål med planen

Området er vist som bustadområde (B28) i gjeldande kommuneplan for Stord kommune 2010-2021. Eksisterande tilkomstveg med fortau er regulert i reguleringsplan for gnr/bnr 28/237, Ådland (planID: R-274-000). Her er også delar av gnr/bnr 28/1 regulert som «kombinert formål – annan veggrunn/ jordbruk». Den nye reguleringsplanen vil delvis overlappe R-274-000, og erstatte gjeldande plan der desse overlappar kvarandre.

I samband med reguleringsplanen, vil ein også gjere ei mindre endring i tilgrensande reguleringsplan for Ådland, gnr/bnr 28/19 (planID: R-247-000) for å tilpasse denne inn mot ny plan og eigedomsgrenser for gnr/bnr 28/19.

Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for konsentrert busetnad (ca. 25-35 einingar) med tilhøyrande tilkomstvegar, parkeringsplassar, leikeareal m.v.. Ein ser føre seg ein kombinasjon av leilegheitsbygg (lågblokk), rekkehus og fleirmannsbustader. Planområdet har tilkomst via eksisterande privat avkøyrsle frå Ådlandsvegen, Krækjen.

Gjeldande planar vert delvis oppheva

Ny plan vil erstatte delar av reguleringsplan R-274-000.

Dokument

  • Oppstartsvarsel, planinitiativ og referat frå oppstartsmøte er å finna i kommunen sitt planregister,  Arealplaner.no

Plankonsulent og tiltakshavar

Planen vert utarbeidd av Gøtz AS på vegne av Ådland Eigedom AS.

Merknader

Spørsmål eller merknader til oppstart av planarbeidet skal sendast skriftleg til:

Gøtz AS, Kunnskapshuset, Sæ 132, 5417 Stord eller til post@goetz.no

Kontaktperson Gøtz AS: Kari Hilde Rommetveit, tlf. 97653972.

Merknadsfrist: 10. februar 2022