Når barnet kjem i 3-årsalderen begynner det i større grad å sjå seg sjølv i samanheng med omgjevnadane. barnet prøver no ut og forskar kring eiga rolle i forholdet til andre barn og vaksne. Barnet hevdar i stadig aukande grad sine meiningar og behov og sjekker korleis dette virkar i samspel med omverda. I mange samanhengar vil ikkje 3-åringen gi seg eller justere seg til omverda, men tydeleg halde på sitt perspektiv. Dette fører gjerne med seg situasjonar der sinne og frustrasjon gjer seg gjeldande.

Samspel, respons og tilbakemeldingar frå oss som er vaksne kring barnet, er av stor viktigheit. Eit barn som i stor fart vert bevisst sine eigne ønskjer og sine eigne meiningar, treng varme og tydelege vaksne som evner å anerkjenne barnet og samstundes hjelpe å justere det i sine uttrykk. Dette gjer me ved å møte barnet der det er. Me snakkar med barnet om det sine val og synspunkt og prøver saman med barnet å kome fram til gode løysingar. Det vert viktig å her utvikle ei forståing for barnet om at det ikkje alltid kan få gjennomslag for eigne ønskjer av omsyn til både seg sjølv og til andre. På denne måten jobbar me for at barnet skal lære å mestre sosiale normer i samspel med omgjevnadane. Balansen mellom å vere ein tydeleg vaksen som evner å justere barnet og samstundes oppmuntrar det, er viktg for oss.

3-åringen evner og ønskjer no å mestre ein del oppgåver på eiga hand. barnet kler seg gjerne  langt på veg sjølv, smører eigen mat og bærer tursekk. Som vaksne er me opptekne av å ta oss tid til at barna skal få gjere bruk av det dei kan og samstundes strekke seg mot litt lenger. Samstundes møter dei jamleg å måtte vente på tur og å forholde seg til at det og er andre som treng hjelp eller som og vil ha merksemd.

Rolleleiken er under full utforsking.  Barna går inn og ut av rollar, og utfordrast i aukande grad til å måtte ta andre sitt perspektiv og samstundes måtte hevde eigne meiningar. Enno er det utfordrande for barnet å vere i samleik med mange barn samstundes, men det går gradvis på fram. Me vaksne er tett på barna i leiken og legg til rette for ulik leik ut frå barna sine interesser. Like viktig er det at me gjev dei opplevingar og inspirasjon som bidreg til vidare utvikling gjennom leiken.

Språket er no i full blom. Nye språklydar vert kjende og ny uttale utviklar seg. Me les og leiker med ord og uttrykk, samstundes med at me fører vidare bruk av mykje song, rim og regler. Setningar er stort sett samansette og barnet evner å gjere seg godt forstått. Dette gjev oss vaksne høve til å gje barna enno meir muligheit til å ta aktivt del i val aktivitetar og planlegging av dag og innhald. Barna sine meiningar og innspel takast på alvort og barna skal oppleve seg sjølv som viktige bidragsytarar i eigen barnehagekvardag.

barna begynner å bli meir fysisk uthaldande, og turane våre kan utvidast. Saman med barna planlewgg me kor me skal gå og kva dei ønskjer å gjere. Fysisk aktivitet og motorisk trening er viktg for barn si kognitive utvikling og vert vektlagt av oss.

Månadsbrev

Månadsplanar