OrdførarkjedetHistorikk

Utval

Eit tremannsutval representert ved Onar Onarheim, Nils Kartveit og Per Stuve Rommetveit tok 21. februar 1979 eit initiativ for å skaffa Stord eit ordførarkjede.

Midlar / Kostnad

På grunnlag av ein førehandskalkyle tok utvalet kontakt med bankane, industrien og næringslivsorganisasjonar i kommunen for å skaffa midlar til kjeda.  Kontakten gav som resultat følgjande tilsagn:

  • Vestlandsbanken kr 3 000
  • Stord Sparebank kr 3 000
  • Stord Verft A/S kr  3 000
  • Stord Elektro  A/S kr 1 500
  • Leirvik Sveis A/S kr 1 000
  • W. Engelsen Ettf. kr 1 000
  • Stord Handelsforening kr 1 000
  • Stord Bondelag kr 500

Totalkostnaden med kjeda vart kr 15 000, herav kr 12 000 til leverandøren.

Leverandør                                                                                                                                                                                                   

  • Sigurd Homstvedt A/S, Bergen
  • Juvel- og gullvarefabrikk, Bergen

Dekoratør

Olav Eldøy, Stord

Utføring og symbol

Kjeda er utført i 925 sølv med innlagt blå emalje med gull flamme* i heradsmerket.

Kjeda er utstyrt med følgjande symbol:

  • Vikingskip - symboliserer historikk tid
  • Vev/vevstol - symboliserer husflidkulturen
  • Hjort - symboliserer dyrelivet
  • Kyrkjekor-parti - symboliserer kristenlivet
  • Seglbåt - symboliserer sport og friluftsliv
  • Plattform - symboliserer industrien
  • Traktor - symboliserer jord og skogbruket
  • Kristtorn - symboliserer plantelivet

Overlevering

Kjeda vart overlevert ordføraren i kommunestyret sitt møte den 5. april 1979 ved Nils Kartveit.

* Nytt kommunevåpen (på raud grunn ein gull kristorn-kvist) godkjent ved kgl.res 19.06.1987.  Kjeda vart sendt til Sigurd Homstvedt A/S for å få skifta kommunevåpen 09.03.1988

 

Tale ved overlevering av ordførarkjedet 5. april 1979

 

Herr ordførar!  -   Gode medrepresentantar!

Frå fleire  hald har det frå tid til anna vore gjeve sporadiske uttrykk for at ordføraren i Stord burde hatt ei ordførarkjede. Tidlegare initiativ har diverre ikkje ført til konkrete resultat.

Siste hausten vart spørsmålet reist på ny og eit tremanns-utval; Onar Onarheim, Per Stuve Rommetveit og Nils Kartveit, har teke nytt initiativ til å få tanken realisert.

Det er ikkje sjølvsagt at ordføraren i kommunane vanlegvis har ordførarkjede. Det er heller ikkje vanleg at det er kommunen som kostar slik kjede. Som oftast er dette ei gåve til kommunen frå innbyggjarane, representert ved næringslivet, bankar og andre, og da gjerne overrekt ved eit jubileum eller eit anna spesielt høve.

Tremannsutvalet har vend seg til bankane i Stord; Vestlandsbanken og Stord Sparebank, - til industrien: Stord Verft A/S, Stord Elektro A/S og Leirvik Sveis A/S, - til Stord Handelsforening, - til firma W. Engelsen Ettf. og til Stord Bondelag, med spørsmål om midlar til dekning av ei slik kjede. Alle har sagt ja til det beløp som det har vore bedt om.

Tremannsutvalet har og vendt seg til ein juveler i Bergen, Sigurd Homstvedt A/S, som har teke på seg å laga ordførarkjeda. Den er utført i sølv og med Stord sitt heradsmerke i emalje. I kjeda er og 8 stk emblem i sølv – som symboliserer eit tverrsnitt av arbeidslivet i kommunen, eldre og nyare tid, og vår kristne arv.

Ein av bygda sine eigne søner, interiørarkitekt Olav Eldøy, har teikna desse emblema:  Eit vikingskip symboliserer den historiske tid. Ein traktor symboliserer jordbruket. Ein vev/vevstol symboliserer husflid-kulturen. Ein kristtorn symboliserer faunaen/plantelivet. Ein reinsdyr symboliserer dyrelivet. Ein seglbåt symboliserer sport og friluftsliv. Ei plattform symboliserer industrien. Og korpartiet frå Stord kyrkje symboliserer det sterke kristne innslaget i folkelivet.

Tremannsutvalet har ikkje funne noko jubileum å leggja overleveringa av ordførarkjeda til, heller ikkje noko anna passande høve. Det einaste måtte vera at vi er glade over å sjå ordføraren på plass igjen etter sjukehusopphald. Det er ynskjeleg at ordføraren skal bera kjeda – slik som det er vanleg å gjera, ved kommunestyremøta, og når han offisielt representerer kommunen.

Eg vil be ordførar Birkenes koma og på kommunen sine vegne ta imot ordførarkjeda!