Frå 1. november 2020 overtar altså Skatteetaten ansvaret for skatteoppkrevjaroppgåvene som Stord kommune har i dag. Skatteetaten vil med dette få eit heilheitleg ansvar for fastsettjing, innkrevjing og kontroll av skatter og avgifter. Etter denne datoen er det ikkje lenger skatteoppkrevjer (kemner) i kommunen.

Meir informasjon vil bli lagt ut på nettsidene våre og på skatteetaten.no.

Oppgåvene som vert overført til Skatteetaten i november er blant anna:

  • handsaming av restskatt
  • skattepengar til gode
  • tilleggsforskot
  • forskotstrekk
  • arbeidsgjevaravgift
  • motrekning og utleggstrekk knytt til skattekrav
  • skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift