For tredje året på rad, 2. til 5. mai 2019, skal Stord kommune saman med næringliv, frivillige lag og organisasjonar arrangera Folk i sentrum. Dagane vil by på mange ulike aktivtetar og arrangement i Leirvik sentrum, i Parken og rundt Ådlandsvatnet. Det vert lagt til rette for at folk i alle aldrar skal kunne delta.

Laurdag 4. mai vert det folkefest i sentrum med Sunnhordland maraton, marknad og aktivitetar for liten og stor. 

Målet med dagane er å skapa møteplassar i og rundt sentrum der alle kan kjenna seg velkomen og ta del i kjekke aktivitetar. Dagane har ein lokal profil, me ønskjer å løfte fram ressursar i lokalsamfunnet og bidra til å gjere byen Stord attraktiv for alle.

Endeleg program kjem. Til facebookarrangementet

Fyll ut skjema nedanfor og trykk send.