Det vart vedteke to tilleggspunkt:

«Utvalet viser til at område B12 (B1 i kommuneplan) ikkje er regulert inn som bustadområde, slik det er sett av til i kommuneplana. Utvalet meiner at dette må inkluderast i plana som bustad. Om naudsynt ved å redusere utbyggingsomfanget noko i dei andre delane av området og overføre heilt eller delvis naudsynt areal og bustader til B12.

Minimum 20 einingar skal initielt tilbys i marknaden som «”leie-til-eie” eller “leie før eie” for å hjelpe unge inn på bustadmarknaden.»

Det første tilleggspunktet gjeld det nordligaste området av dei to B12 områda i kommuneplanen, dvs. areal på gnr/bnr 26/10. Dette blei i planforslaget vist som bustadområde B1 før området blei teke ut i planforslaget som blei lagt fram for 1.gongshandsaming.

Planområdet og føremål med planen

Planområdet er i kommuneplanens arealdel (2010-2021) avsett til bustader med krav om områderegulering for å avklare nærare arealbruken i området – infrastruktur, grøntområde, bustadområde og omsynet til landbruk-, natur- og friluftsområde med omsynssone bevaring kulturmiljø. 
Planforslaget legg til rette for bygging av inntil 300 bustader i området. 

Planområde og plandokument

Digitalt plankart og plandokument til offentleg ettersyn kan sjåast her(Lenkje til planregister)

Digitalt plankart kan i tillegg sjåast i lag med andre kartdata i Stordkart

Varsling

Offentleg mynde og andre partar som har særlege interesser i saka får tilsendt eige varsel.

Moglege merknader til planen skal sendast til:

Stord kommune, Regulering, byggesak og oppmåling
Postboks 304
5402 Stord

eller via eDialog eller på e-post til rbo@stord.kommune.no 

Merknadsfrist: 04. februar 2022