Føremål

Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for bygging av 3 konsentrerte einebustader på gnr/bnr 27/94 og 2 på gnr/bnr 27/111. Den nord-austre del av tidlegare båtverkstad på 27/544 skal bevarast, og 1.etasje på eksisterande lagerbygning kan byggjast om til 3 stk. lager/sjøbuer. 2. etasje skal rivast og det kan etablerast 3 stk. carportar på eit betongdekke over sjøbuer. Vidare er det planlagt lite småbåtanlegg og utviding av kai. I sør aust på 27/111, kor det ligg restar etter eit gamalt naust, er det regulert eit nytt naust. Planforslaget opnar for at ålmenta kan nytte seg av kaia og strandlinja som er regulert til friområde.

Planområde og plandokument

Digitalt plankart og plandokument til offentleg ettersyn kan sjåast her(Lenkje til planregister)

Digitalt plankart kan i tilegg sjåast i lag med andre kartdata i Stordkart

Varsling

Offentleg mynde og andre partar som har særlege interesser i saka får tilsendt eige varsel.

Moglege merknader til planen skal sendast til:

Stord kommune, Regulering, byggesak og oppmåling
Postboks 304
5402 Stord

eller via eDialog eller på e-post til rbo@stord.kommune.no 

Merknadsfrist: 04. februar 2022