Planområdet

Planområdet, som omfattar delar av gnr/bnr 60/14 mfl., er på 297 dekar, og ligg ved Stord Lufthamn på nordleg del av halvøya Sørstokken.

Føremål

Føremålet med planforslaget er å leggja til rette for etablering av næringsareal med tilhøyrande infrastruktur og eit hamneområde med tømmerkai. 

Dokument og digitalt plankart

Plandokument  til offentleg ettersyn finn du i kommunen sitt planregister, Arealplaner.no Dokumenta ligg under fane planbehandling.

Reguleringsplanen som digitalt plankart kan du sjå i Stordkart. 

Varsling

Offentleg mynde, grunneigarar og naboar, og andre partar som har særlege interesser i saka får tilsendt eige varsel.

Eventuelle merknader til planen skal sendast kommunen:

Digitalt via:
Kommunen sitt planregister, fane: Gi Tilbakemelding eventuelt via eDialog, eller e-post: rbo@stord.kommune.no 

Brevform til:
Stord kommune, Regulering, byggesak og oppmåling
Postboks 304
5402 Stord

Merknadsfrist 20.03.2024