Planområdet og føremål

Planområdet ligg i Tømmervik og har eit areal på 215,2 daa, der 102,8 daa er sjøareal. Føremålet med planarbeidet er å vidareutvikla eksisterande industriområde og leggja til rette for industri- og næringsverksemd, mellom anna til olje- og gass, fornybar energi og havvind, med tilhøyrande djupvasskai og hamneområde i sjø.

Dokument og digitalt plankart

Plandokument  til offentleg ettersyn finn du i kommunen sitt planregister, Arealplaner.no. Dokumenta ligg under fane planbehandling.

Reguleringsplanen som digitalt plankart kan du sjå i Stordkart. 

Varsling

Offentleg mynde, grunneigarar og naboar, og andre partar som har særlege interesser i saka får tilsendt eige varsel.

Eventuelle merknader til planen skal sendast kommunen:

Digitalt via:
Kommunen sitt planregister, fane: Gi Tilbakemelding eventuelt via eDialog, eller e-post: post@stord.kommune.no 

Brevform til:
Stord kommune, Regulering, byggesak og oppmåling
Postboks 304
5402 Stord

Merknadsfrist 26.07.2024