Politiske reglement og retningsliner, herunder etiske retningsliner.
Reglement for kommunestyret, formannskapet og  kommunestyret sine komitèar, samt fullmakter gitt av kommunestyret og etiske retningsliner for Stord kommune sine politikarar og administrasjon. Sist endra ved kommunestyrevedtak 25. februar 2016.

Delegasjonsreglement frå kommunestyret til andre folkevalde organ og rådmann
Omhandlar kommunestyret, formannskapet, komiteane og andre representative kommunale styreorgan si delegering av mynde og avgjerdsrett til rådmannen. Dokumentet gir også informasjon om avgjerdsrett innanfor visse saksområde som rådmannen igjen kan delegera til einingsleiarane. Sist endra ved kommunestyrevedtak 21.02.19. 

Delegasjonsreglement frå rådmannen til einingsleiarane
Omhandlar rådmannen si delegering av avgjerdsrett til einingsleiarane, og - innanfor visse saksområde - delegering av avgjerdsrett som einingsleiarar igjen kan delegera til fagansvarleg innanfor einingane. Sist endra ved kommunestyrevedtak 21.02.19.

Godtgjersle til folkevalde i Stord kommune
Sist endra ved kommunestyrevedtak 26. mai 2016.

Økonomiregelement for Stord kommune

Økonomireglementet for Stord kommune omhandlar dei overordna reglane for den økonomiske styringa av kommunen. Reglementet vart vedteke av kommunestyret 31.03.2016 og sist revidert 18.05.2017.

Reglementet gjeld for folkevalde organ og administrasjonen og skal dokumentera ansvar og mynde og sentrale rutinar.