i 2021 nytta 15 431 personar seg av Stordflyet si Oslorute. Samanlikna med 2020 utgjer dette ein auke på 2 938 reisande eller 23.52%.

I 2021 registrerte lufttrafikktenesta 5 072 flyrørsler (landingar og avgangar). Samanlikna med 2020 utgjer dette ein auke på 1 433 flyrørsler eller 39.37%.

Coviden prega sterkt trafikktala i 2021.

Stordflyet flyg for tida eit redusert flyprogram på Osloruta. Lufthamnselskapet ventar no i spenning på om staten vil innlemma Osloruta i sine framtidige flyrutekjøp og såleis lysa ruta ut på eit nytt anbod.