Kvart år kan tilsette melda inn kandidatar til pris for innovasjon og nytenking. Prisen skal tildelast ein eller fleire personar/einingar som gjennom sitt arbeid eller sine forslag medverkar til effektivisering, fagleg utvikling og/eller til betra trivsel og arbeidsmiljø i kommunen.

Det er Driftsutvalet som er jury og i år vedtok dei at prisen skal gå til Stord sjukeheim og for nytenkinga; pårørandemøte. 

Leiinga ved Stord sjukeheim startar hausten 2020 eit arbeid med nytenking innan samarbeid og informasjon til pårørande. Bakgrunn for nytenkinga var at:

  • Pårørandemøta har vore prega av einvegsdialog med mykje informasjon frå leiinga.
  • Pårørande har hatt behov for å drøfta einskildsaker – noko som har vore uheldig i eit slikt felles fora.
  • Nokre møter har blitt prega av påstandar og forsvar, og ein har vegra seg for å ha slike møte.
  • Situasjonen med stenging på grunn av koronaviruset i vår, aktualiserte behovet for nye måtar å kommunisera med pårørande.

Målet:

  • Ein ønsker å ha godt samarbeid med pårørande.
  • Ein ønsker at pårørande skal oppleva at dei får «påfyll»
  • Ein vil visa at Stord sjukeheim tar nasjonale føringar på alvor.
  • Ein skal ha pårørandemøte oftare.

Ordninga med pårørandemøte er allereie vidareført til Knutsaåsen omsorgssenter.