Prisen skal tildelast ein eller fleire personar/einingar som gjennom sitt arbeid eller sine forslag medverkar til effektivisering, fagleg utvikling og/eller til betra trivsel og arbeidsmiljø i kommunen.

Gode idear

Dei tilsette sine idear til nyskaping kan verta fanga opp, tekne i bruk og kan slik skapa gode verdiar for Stord kommune.

Kunst og pengar

Stord kommune sin pris for innovasjon og nytenking er eit kunstverk med verdi inntil kroner 10 000 og ein pengesum på kroner 10 000 som tilsette eller einingar kan nytta fritt.

Jury

Administrasjonsutvalet er jury og skal verktleggja eit eller fleire av følgjande kriterier:

  • om tiltaket er nyskapande
  • om tiltaket medfører betre kvalitet
  • om tiltaket medfører auka effektivitet
  • om tiltaket har overføringsverdi til andre einingar/tenester 

Tilsette i kommunen skal melda inn kandidatar innan 1. november.

Prisen vert delt ut i kommunestyret i desember.