Datoar for eksamen våren 2022

Torsdag 12. mai 2022 kl. 09.00: Elevane får opplyst trekkfag

Onsdag 18.mai 2022: førebuing engelsk 

Torsdag 19.mai 2022 : skriftleg eksamen engelsk 

Torsdag 19.mai 2022 : førebuing norsk hovudmål og sidemål 

Fredag 20.mai 2022: Eksamen norsk hovudmål

Måndag 23.mai 2022: Eksamen norsk sidemål 

Måndag 23.mai 2022: eventuelt fagdag i matematikk

Tysdag 24 .mai 2022:  eksamen i matematikk

 

Munnleg eksamen 2022

Førebuingsdagar munnleg eksamen 14 og 15.juni

Torsdag 16.juni: munnleg eksamen

 

Nasjonale prøvar

Obligatoriske prøvar gir informasjon om ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk. Ferdigheitene er viktige for læring i alle fag.

Les meir om nasjonale prøvar på udir.no

Særskild tilrettelegging av eksamen

Elevar med spesielle vanskar kan ha behov for eigne ordningar under den skriftlege eller munnlege eksamen. Ved den skriftlege eksamen kan eleven normalt få inntil 1 klokketime i tillegg til den ordinære tida.  Det kan også tilretteleggjast for lesesvake elevar, slik at oppgåveteksten kan bli lesen opp under eksamen.  På grunnlag av fråsegner av nyare dato frå eleven, føresette og sakkunnige tek rektor i kvart tilfelle avgjerd om kva slags ordningar som skal nyttast.

Søknadsskjema for å søkja om særordning for eksamen finn du her