Som del av matematikkundervisninga, hadde 4.trinn programmering på timeplanen denne timen. Elevane koplar micro:bit til PCen sin, og lagar ulike program som micro:biten skal utføra. Elevane programmerer inn kommandoen på PCen, dei må sjekka at dei programmerer rett ut i frå kva dei vil at micro:biten skal utføra. Om det ikkje går på fyrste forsøk, sjekkar dei koden, leitar etter feilen, og prøver igjen.