Rådgjevar (ID 1394)

Fagavdeling oppvekst- og utdanning har rådgjevarar med skule- og barnhagefagleg bakgrunn.
No ynskjer me å styrka fagmiljøet og søkjer difor etter rådgjevarar med jurist utdanning og/eller solid skulefagleg utdanning.

Stillingane er organisert i fagavdeling for oppvekst og utdanning og rapporterer direkte til kommunalsjef for oppvekstområdet.

Hovudoppgåver:

  • Samordnings- og utviklingsoppgåver retta mot grunnskulane i Stord

  • Arbeid med kompetanseheving og kvalitetsutvikling i einingane

  • Utviklingsoppgåver knytt til ulike satsingsområder

  • Forvaltning, rettleiing og sakshandsaming i administrative og politiske saker

  • Rapportering og oppgåver i forbindelse med tilsyn frå Fylkesmannen mfl.     

Kvalifikasjonar:

Stord kommune ynskjer å styrka fagmiljøet og søkjer difor etter rådgjevarar med jurist utdanning og/eller solid skulefagleg utdanning, begge med erfaring frå skule- og oppvekstsektoren og kunnskap om aktuelle lovverk. Relevant etter- og vidareutdanning vert vektlagt.

Me ynskjer ein engasjert, løysningsorientert, raus, nyskapande og sjølvstendig medarbeidar og kollega, med gode formulerings- og samarbeidsevner, og som elles ser positivt på dagane som kjem.

Me tilbyr interessante arbeidsoppgåver, fleksibel arbeidstid og fagleg utvikling i eit tverrfagleg arbeidsmiljø.

Vil du vera med og byggja eit solid fagmiljø som er med å sikra førsteklasses tenester?

Er du ein engasjert og sjølvstendig person med erfaring frå det aktuelle feltet?
Er du også løysningsorientert, raus, nyskapande og har god formulerings- og samarbeidsevner?

Ja, då vil me gjerne at du søkjer hos oss!

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Ta gjerne kontakt for ein samtale om stillinga med kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt tlf. 41416503.

Søknadsfrist: 25.05.2018

Søk på stilling