Rådmannen var invitert på bakgrunn av at Stord har markert seg godt med bustadsosialt arbeid. Kommunen fekk i 2018 staten sin pris for bustadsosialt arbeid, og statsråden roste Stord kommune sitt arbeid frå scena.

Mjør la i sitt innlegg vekt på at Stord har lagt til grunn eit brukarperspektiv for å nå 0-visjonen om bustadløyse i kommunen. Brukaren – leigetakaren eller den komande huseigaren – sine behov, ønskje, og råderett over eige liv er sentralt. Bustad er ein rett, ikkje noko du skal måtta kvalifisera deg til. Du skal ikkje måtta bli frisk eller rusfri eller endra livvsstil for å få ein plass å bu. Eit slikt perspektiv, meinte han, er ein føresetnad for å få bukt med bustadløysa, sjølv om dette også er ei tilnærming som utfordrar.

Rådmannen trekte også fram gode fagfolk som eit vilkår for å lukkast med det bustadsosiale arbeidet, og vilje til prioritering. Stord kommune har over år prioritert å byggja tenester for å handtera dette arbeidet. Han understreka at også kommuneøkonomi og stabile rammevilkår er viktige faktorar for å lukkast. –I vår situasjon ser me no at det er press mot ordningar som er viktige for denne gruppa, og som har gitt oss godt omdøme og stoltheit.