Ordføraren opna dagen klokka 10.00 og la vekt på at ein også markerte «Kva er viktig for deg-dagen».

Nav hjelpemiddelsentralen stilte med fire teknikarar, og dermed ble det kortare ventetid på «service» på stolene enn fjoråret.

Frisklivssentralen, heimerehabiliteringsteamet og prosjektet «Godt å bu heime» var representert med eigne stands.

Terapeutar frå avdeling for ergo- og fysioterapi var tilstade heile dagen, og tilgjengelig for å svare på spørsmål frå brukarane. Servicetenesta i kommunen bidrog med frakting av telt, stolar, bord og rullestolar, og gjennomførte også tekniske reperasjoner på stolane.

Det blei servert kaffi, saft, kakar og frukt. Nokre av deltakarane svarte på quiz om trygg kjøring i trafikken, og nokre av deltakarene prøvde hinderløypa som var satt opp.

Vegvesenet var representert og tilgjengelig for spørsmål frå brukarane om trygg kjøring i trafikken.

Med skiftande ver var det godt å kunne bruke revy-teltet på torget som ly for regnskurane, takk til Bakeriet Frugård. Tusen takk til alle som bidrog for at dagen lot seg gjennomføra på fint vis!