Dei som er mellom 18 og 64 år og ikkje har høgrisikosjukdom eller underliggjande tilstand som gjer at dei får prioritering utover alder, eller vil få tilbod som prioritert helsepersonell, kan no registrera seg på førehand for å verta kontakta når det er aktuelt med tilbod om vaksine mot koronasjukdom.

Tilbod om vaksine er ikkje avhengig av førehandsregistrering, men det er til hjelp for oss i seinare tildeling av timar under massevaksinering. Om det er vanskar med registreringa så ta kontakt med Koronasenteret på telefon 53496666.

Stord kommune nyttar systemet «Helseboka» for å administrera tilbod om timar for massevaksineringa. Me reknar med at tilbod vil koma frå slutten av mai og utover. 

Dette er eit sikra system med innlogging gjennom ID-porten.

Du gjer følgjande:

  1. Trykk på lenkja under
  2. Registrer opplysningane dine og svar på spørsmåla
  3. Send - og du vert registrert på Stord kommune si vaksinasjonsliste. Du vil då få innkalling på SMS når det er din tur etter prioriteringsreglar som er gjeldande. (Du kan og` registrera deg her om du ikkje ynskjer tilbod om vaksine).

Lenkje til registrering: helseboka - login

Vaksinasjonen er frivillig og gratis og vil gå føre seg på Vikahaugane.