Det er registrert nær 30 personar som har testa positivt på koronasmitte i Stord kommune sidan 23.10.20. Me har ikkje sikkert oversyn over smitteveg for alle desse. Det i dag i tillegg vist sannsynleg pågåande smitte ut over ungdomsgruppa. Stord kommune har i dag, blant anna med bakgrunn i dette, sendt ut følgjande e post til verksemder som har skjenkeløyve:

"Serveringsstader - kontaktopplysningar

I samband med utbreidd smitte mellom ein del ungdommar den siste veka vil Stord kommune presisera at verksemder som har skjenkebevilling skal registrera kontaktopplysningar til dei gjestene som gjev samtykke til det. Dette er informasjon som skal gjera det mogleg å koma i kontakt med gjesten, t.d. telefonnummer. Det skal og registrerast dato og tidspunkt for besøket og om mogleg plassering i lokalet. Opplysningane skal berre nyttast som hjelp for kommunen ved ei eventuell seinare smitteoppsporing etter smittevernlova og skal utleverast til dette føremålet.

Opplysningane skal handsamast forsvarleg og slettast etter 14 dagar. Serveringsstad må informera om føremålet med registreringa og kor lenge denne informasjonen vert lagra."

Kommunen vil kome med nye råd og oppmodingar til innbyggjarane i morgon føremiddag.