Då røystelokale stengte for førehandsrøysting kl 15.30 i dag hadde tilsaman 7029 personar avgitt si røyst. Av desse høyrde 436 til i andre kommunar. 

Totalt 6593 stordabuarar har nytta til sjansen til å førehandsrøysta og dermed satt ny rekord.

- Me er strålande nøgd med at heile 48,76% har nytta høve til å førehandsrøysta, seier valansvarleg Wenche Margrethe Kristoffersen og avdelingsleiar for Fellestenester, Helena Schwartz.