- Noreg er no i ein situasjon der vi må vente auka smittespreiing av koronavirus i befolkninga. Talet på personar som har testa positivt aukar frå dag til dag, og nasjonale helsemynde har ikkje lenger kontroll på smittespreiinga, understrekar kommuneoverlege Lars Helge Sørheim i Stord kommune.
I denne fasen er det viktig å avgrense kontakt mellom folk for å hindre ukontrollert smittespreiing. Sjølv om ein ventar at om lag 90% ikkje vil ha trong for sjukehusinnlegging, er det særs viktig å verne dei som er sårbare for eit alvorleg sjukdomsforløp. Det er liten reservekapasitet i norsk helsevesen, og me må hindre at mange blir sjuke på same tid.
Sjå råd frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet for meir utfyllande informasjon
Maks 100 personar samla
- Maksimalt tillet ein at 100 personar er samla, t.d. i samband med kyrkjelege arrangement, konsertar og teater, foreiningar og andre tilstellingar, men òg private selskap.
- Restriksjonane er heimla i smittevernlova § 4.1.
- Ved arrangement for sårbare grupper, som t.d. pasientforeiningar eller eldre, er maksimalt tillate tal 50 personar samla.
Institusjonar
- Bebuarane er rekna som ei sårbar gruppe.
- Berre næraste pårørande får vitja bebuarane på institusjonen.
- Personar med luftvegssymptom må halda seg vekke.
- Besøk skal skje på rommet.
- Besøkjande må loggførast.
- Vend deg til personalet når du kjem.
Særlege retningsliner for gravferd
- Det er tradisjon at mange møter i gravferd for å vise respekt for den døde og familien.
- Ofte er mange deltakarar i gravferd i risikogruppa for å utvikle eit alvorleg sjukdomsbilete dersom dei blir smitta.
- Avgrensing på 100 personar gjeld òg deltaking i kyrkje og minnestund.
- Me oppmodar at ein vurderer å syne si respekt og medkjensle på anna vis enn å møta opp i kyrkja, for å redusere risiko for smitteoverføring for dei som held gravferda og andre gjester.
- Kondolanse bør skje utan handhelsing, klem eller anna fysisk kontakt.
Utestadar
- For utestadar og arrangementslokale gjeld restriksjon på maksimalt 100 gjester.
- Det skal leggjast til rette for at personar kan halde ein avstand til andre på minst 1 meter.
- Sørga for skjerpa hygienetiltak som vask av kontaktflater.
Arrangement for barn og unge
- Det er førebels ikkje aktuelt å stenge barnehagar og skular.
- Vanlege fritidstilbod for barn kan førebels gå som vanleg.
- Arrangement for barn og unge som samlar større grupper bør avlysast.
- Arrangement der det kjem tilreisande frå andre kommunar bør avlysast.