Planen skal byggja på Statens vegvesen sin rettleiar for kommunale trafikksikringsplanar, samt Trygg trafikk sin rettleiar for trafikksikker kommune. Planarbeidet vil omfatta registrering av grunnlagsinformasjon (ulukkeststistikk,innspel til planarbeidet frå ulike hald m.v), analyse av problemstillingar, framlegg til tiltak og prioritering av desse, samt utarbeiding av handlingsplan på kort og lang sikt.

Kommunen har ansvaret for å samordna alt trafikksikringsarbeid i Stord, og må difor ha ei aktiv rolle med å fremja framlegg til tiltak, samt påverka dei prioriteringar, som også vert gjort på statlege og fylkeskommunale vegar. Trafikksikringsplanen vil i den samanheng vera det dokumentet som skal synleggjera kva kommunen ynskjer å prioritera. For å få sett fokus på dei største utfordringane i trafikksikringsarbeidet er me avhengig av hjelp frå brukarane, som kjenner nærmiljøet sitt best. Trafikksikringsarbeidet omfattar ikkje berre fysiske tiltak, men også i stor grad haldningsskapande arbeid.

Dokument

Innspel

Fyll i skjema nedanfor og trykk på knappe; send inn innspel. 

Skular, FAU, barnehagar m.fl vert særskilt oppmoda om å koma med innspel.

Frist er 20.10.2020.

Kontaktperson: Harald Oddvar Sæbø, telefon 53 49 68 39 eller e-post: hos@stord.kommune.no