Om skulen
Velkomen til Rommetveit skule. Her går det 234 elevar fordelt på 1. til 7. trinn. Skulen var tidlegare statleg driven øvingsskule for Høgskulen, men Rommetveit skule er no vanleg kommunal skule. Me er praksisskule og set stor pris på samarbeidet med både studentar og lærarar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).
Nokre av våre satsingsområde no er lesing og digitale ferdigheiter.
Rommetveit skule og SFO er med i skuleutviklingsprogrammet RESPEKT, som har som mål å skape godt læringsmiljø.
Rommetveit SFO skal gi borna tilsyn og omsorg, læring gjennom leik, allisidige aktivitetar og sosial utvikling i samspel med andre born, personale, føresette og nærmiljø. SFO samarbeider med Stord kulturskule, og borna får tilbod innan musikk og kunst ein dag i veka. I Rommetveit SFO har me òg studentar frå HVL og vidaregåande skule (idrett), samt elevar som treng arbeidspraksis.
Organisering av skuledagen
08:00 - 08:15: Skulen opnar. Vakthald.
08:15 – 09:45: 1.økt.
08.15-09.00 1.time
09.00-09.45 2.time
09:45 – 10:15: Friminutt
10:15 – 11:45: 2.økt
10.15-11.00 3.time
11.00-11.45 4.time
11:45 – 12:15: Midttime / lunsjpause
12:15 – 13:45: 3.økt
12.15-13.00 5.time
13.00-13.45 6.time
|
1.-2.trinn |
3.-4.trinn |
5.-7.trinn. |
---|---|---|---|
Måndag |
13.45 |
13.45 |
13.45 |
Tysdag |
11.45 |
11.45 |
11.45 |
Onsdag |
13.00 |
13.30 |
13.45 |
Torsdag |
13.45 |
13.45 |
13.45 |
Fredag |
11.45 |
11.45 |
13.45 |