Avd. Saghaugen er eit bufellesskap for personar med utviklingshemming. Her finn ein 6 bustader. Kvar bustad inneheld 1 soverom i tillegg til stove/kjøkken. Det er tilknytt eigen personalbase til bustadane og det vert gitt heildøgns omsorg til dei bebuarane som har behov for det. Bustadane er kommunalt eigd, og bebuarane leiger hos Stord kommune.

Visjon

Gode relasjonar skapar trivsel og meistring

Mål

Skapa ein trygg og omsorgsfull heim i eit miljø som stimulerer til utvikling

Informasjon

Bebuarane mottek tenester etter individuelle vedtak som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova. Tenestene vert gitt utifrå den einskilde bebuar sine føresetnader, ønskjer og behov, i samarbeid med den einskilde bebuar, pårørande og verje.

Kontakt oss

Avdelingsleiar:
Jane Nerhus

Send e-post til Nerhus

Telefon 1:  975 52 139
Telefon 2:  476 77 131: